
STYREAKADEMIET SOGN
KORLEIS BLIR DET JOBBA MED STYREABEID I BEDRIFTA DI?
Hjelp oss å kartlegga styrearbeid og kompetanse i næringslivet i Sogn
Ta undersøkinga her

OM STYREAKADEMIET
StyreAkademiet er ein landsdekkende, ideell forening for fremjing av godt styrearbeid.
Foreningen sin visjon er å være framtidens, faglege styrearena. Vårt mål er å bidra til betre styreretta kompetanse i eigarskap, styre og leiing. Det gjer vi gjennom foredrag, workshops, erfaringsutveksling og nettverksbygging.
STYRE VÅRT

OLE PETTER HEGGESTAD
Ole Petter er utdannet innan økonomi
og IT ved HVL og Universitetet i Bergen
Han har lang erfaring innan marknad og sal, og har ellers jobba med organisasjonsutvikling og kulturbygging
Han har hatt stillingar som seljar, dagleg leiar og styreleiar, og er i dag konsulent og rådgjevar. Dei to verksemdene han i dag driver og jobbar Gosh pgp, profilleverandør
og EvoSpor, rågjeving og konsulenttenester
Innan styrearbeid har han erfaring frå mellom anna Pgp as, Gosh Norge AS og Dråpen i Havet.Han har sett verdien av til dømes mangfald i styrer, og vil gjerne vere med på å utvikle kompetanse innan styrearbeid og styresamansetning, samt gje små og mellomstore verksemder høve til å etablere korrekte og effektive styre til si verksemd. Ole Petter ønskjer å bidra til å rekruttere medlemar til StyreAkademiet Sogn og byggje nettverk mellom medlemar og andre.

LEIF INGE HUSABØ
Leif har ein master innan økonomi og administrasjon frå NHH i
Bergen. Leif jobber i dag som finansieringsrådgjevar i Innovasjon Norge Vestland. Han har tidligare jobba som rådgjevar og seniorrådgjevar i NVE og i Klima- og Miljødepartementet i Oslo.
Innan styrearbeid har han erfaring som styremedlem i Redningsselskapet RSRK Leikanger, Opplev Leikanger, og diverse andre frivillige verv. Han ser verdien av godt styrearbeid i sitt daglege virke, og vil gjerne være med på å utvikla kompetanse innan styrearbeid, rekruttere medlemmer til StyreAkademiet Sogn, og bygge nettverk mellom medlemmer og andre.

EGON M. MOEN
Egon Moen er utdanna som ingeniør, Diplomkandidat i samfunnsplanlegging, prosjektøkonom. Han har lang erfaring innan bank og finans, og har ellers jobba med næringsutvikling og regionalt samarbeid.
Han har hatt stillinger som næingssjef og direktør næringsutvikling, direktør regionalt samarbeid, administrerande banksjef og spesialrådgjevar bank , og er i dag dagleg leiar EMM AS
Innan styrearbeid har han erfaring som styreleiar og styremedlem innan ei rekke bransjer som reiseliv, industri og finans. Han har sterk interesse for styrearbeid, og vil gjerne være med på å utvikle kompetanse innan styrearbeid, rekruttere medlemmer til StyreAkademiet Sogn

MAY LENE STEINHEIM LUNDEN
May Lene har ein bachelorgrad innan forretningsadministrasjon
Ho har jobba som kundekonsulent og regnskapsmedarbeider, og vært med på å snu verksemder
Verksemda ho i dag jobber i, er Fjordsafari Norway og Fjordsafari AS, der ho er daglig leiar og ein av eigarane – utviklingen i Fjordsafari Norway har vore sterk.
Innen styrearbeid har ho erfaring frå Visit Sognefjord, Fjordsafari Norway og Fjordsafari AS, hovudstyret for Kreftforeningen m.v. Ho vil gjerne være med på å utvikle kompetanse innan styrearbeid, rekruttere medlemmer til StyreAkademiet Sogn, og bygge nettverk mellom medlemmer og andre
BLI MEDLEM
Bli medlem!
-
Medlemskap: kr. 600 pr. år.
-
Medlemskap ung (opp til 40 år): kr. 300 pr. år
-
Medlemsmøta våre er åpne for alle. For ikkje-medlemar er prisen kr. 250 pr. arrangement.
Har du spørsmål om medlemskap eller anna? Fyll ut kontaktskjema, så tek vi kontakt!
